Rein utklassing av Bayern

Thomas Müller, Robert Lewandowski, Douglas Costa og Arjen Robben. I kveld viste Bayern Münchens stjernegalleri kvifor dei nok eit år er ein av dei største favorittane i meisterligaen.

Cech imponert

– I kveld var dei heilt fantastiske. Dei har alt dei treng for å vinne meisterligaen, sa Petr Cech etter kampen i intervju vist på Viasat 4.

Den tsjekkiske sisteskansa hadde ein tøff kveld på jobben og måtte til slutt hente ut fem ballar frå nettet. Og det kunne blitt meir.

For Arsenal hang aldri heilt med på det forrykande tempoet det tyske storlaget sette ut i. Og da hjelper det ikkje med horribelt forsvarsspel. Det utnytta Robert Lewandowski godt og plutseleg var det 1-0. Like etter trudde Arsenal dei hadde fått inn ei svært viktig og rask utlikning. Men Mesut Özil var uheldig, fekk ballen i handa og dommaren annulerte målet for hands.

I staden var det Bayern som nok ein gong kunne utnytte grove feil i Arsenal-forsvaret. Og storskårar Thomas Müller er som vanleg på rett plass.

Robben med mål på fyrste touch

2-0 blir til 3-0 rett før pause når austerrikaren David Alaba kjem med ein vanvittig susar frå 20-meter og gjer det enda verre for Arsenal-spelarane å gå inn i garderoben til pause.

Arjen Robben får også vere med på festen og treng faktisk berre ein berøring og under eit minutt på banen for å auke leiinga til 4-0. Da hjelper det lite at Olivier Giroud kjem ein praktscoring ti minutt etter. Rett før full tid viser ein av kampens store spelarar, Douglas Costa, eit skuleeksempel på ein kontring. Costa set opp farta og serverer

Etter at Olympiakos sikra sigeren over Dinamo Zagreb heilt i slutten av kampen gjer det vegen mot utslagsrundene enda lengre for Arsenal. Nå har dei kniven på strupen før dei to siste kampane.

– Dei spelte godt og fortente det. Nå må me vinne begge dei to siste kampane. Me har fortsatt ein sjanse. så me må kjempe til siste minutt, sa Cech til Viasat 4.

Arsenal står framleis med tre poeng, etter tre tap og ein siger på dei fire første gruppespelskampane. Bayern har ni, Olympiakos sju og Dinamo Zagreb fire når to kampar gjenstår i gruppe F.

This entry was posted in NO and tagged by News4Me. Bookmark the permalink.

About News4Me

Globe-informer on Argentinian, Bahraini, Bavarian, Bosnian, Briton, Cantonese, Catalan, Chilean, Congolese, Croat, Ethiopian, Finnish, Flemish, German, Hungarian, Icelandic, Indian, Irish, Israeli, Jordanian, Javanese, Kiwi, Kurd, Kurdish, Malawian, Malay, Malaysian, Mauritian, Mongolian, Mozambican, Nepali, Nigerian, Paki, Palestinian, Papuan, Senegalese, Sicilian, Singaporean, Slovenian, South African, Syrian, Tanzanian, Texan, Tibetan, Ukrainian, Valencian, Venetian, and Venezuelan news

Leave a Reply